|
|
|
Doffen & Chana.Eg
hadde lenge gått og tenkt på å få meg ein ny hund og då
spesielt ein som var brukande på Hjortajakt. Hadde tidligare hatt
ein foxterrier og likte typen veldig godt. Så etter å ha lest litt
og sjekka rundt om så falt valget på Tysk Jakterrier. Etter
å ha sendt nokre mailar rundt med forespørslar, så fekk eg eit
tilbod frå Jan Inge Skjerven som det ikkje gjekk an å sei nei til.
Han hadde tispekvalper med gode genar igjen i kullet sitt, og ikkje
minst eg kunne få låne faren til kvalpen med på jakt for å prøva
rasen før eg kjøpte. Så
etter å ha diskutert pr telefon med Jan Inge så vart me einige om
at han skulle ta med både kvalpen og Doffen (faren) på jobb så
kunne eg hente de der. Mandagsmorgonen
i kald blåst og regn er eg på plass i Eikelandsosen for å hente
hundane, og tar dei med heim. Vel heima så springer Doffen rett inn i huset, tar seg en runde for å bli kjent og så er han liksom heima. Roligere og meir behagelig hund å ha i hus skal ein leita lenge etter.
|
|
|
|
Dagen
etter skal me til fjells og sjå korleis det går på hjorten, er
ein del strie regnbyger men me lastar i båten for å ta turen over
fjorden. Imens me driver og lastar om bord og auser så finner
Doffen ut at han skal rundt å bli kjent her og, og greiaste måten
å forflytta seg på er visst å balansera på ripa. Detta går
greit heilt til han kommer til åregaffelen der blir da litt trongt,
noke som medfører at me får sjekka svømmeferdighetane hans (som
er heilt upåklagelige). Etter
ein halv times båt tur setter eg Kenneth i land der han skal gå
opp og posta mens eg kjører over til nabobygda og legger båten
der. På vei til skogen så må eg over to jorder, eina med ein
blanding av dalasau og kyr og det andre med villsau på. Setter
sporsele på Doffen, fester lina i beltet og tenker ”jaja no får
me i alle fall sjekka om han er sauerein slik som det er påstått”.
Går oppover gjordet og han enser ikkje dyra som er der eingong, men
kyrne har lyst å inspisere oss og kommer etter. Så eg tar med
Doffen og hopper over gjerdet og inn til villsauene og går gjennom
der til porten, han ser ikkje ein gong mot sauene her heller så han
er heilt klart husdyrrein. Er
ikkje kommet meir enn noken meter inn i skogen før han har hjort i
nasa, og ser tydelig at han søker på overvær. Men må ta han av
og gå forbi her til me er inne i området der eg har håp om å få
dyr mot posten. Etter å ha kommet eit stykke til fjells så tar me
ut eit dyr rett under tømmerhaugen og det er full los i lina. (Då
det er ukjent hund, samt nytt terreng for hunden så går eg med den
som bandhund for å ikkje risikera noke). Ringer Jan Inge for å
informera om dette, og får til svar at det er bare å sette seg ned
ein fem minutters tid så sporet får blitt litt kaldere så vil han
spore stille. Og
det stemmer, etter å ha sete ein ti minuttars tid i fjellduken og
ridd ut ei regnbyga, tar me opp sporet igjen og no går det stille
for seg. Er nok fortsatt litt mye lukt for han søker mykje for å
greie ut oppover lia. Etter et par hundre meter så går hjorten i
ein liten tett sirkel før han fortsetter oppover, og like etter ser
eg kolla som står i et kjerr og lurer. Har ikkje løyve igjen på
kolle så me går inn og sjekker om det er fleire dyr, noko det
ikkje er, før eg tar Doffen av sporet og går vidare. Han ville
tilbake dei første hundre metrane og så gjekk han fint og søkte
etter neste hjorten. Kryssar
elva og kjem inn mot dyrhaug, der kjem me på ferske spor etter ein
bukk som me nettopp har støkt. Følger sporet ner mot ei lita elv,
så opp brattaste lia som var og deretter går han snorbeint mot
neste elv der posten er. Når me kjem til elva så skjønar eg at
han har gått for høgt i forhold til der posten har sett seg, så
me stoppar og gjer melding til Kenneth om at han må skifte post.
Setter meg ned med Doffen og tar lunch mens me venter på at posten
skal vera på plass og håpar at bukken har stoppa før han passerer
der posten skal vera. Kenneth blir no sittande bare nokre hundre
meter frå grensa så er ikkje bukken imellom oss no så er løpet
kjørt. Var
ingen problem å ta Doffen av sporet og venta, han sat stille og
rolig ved sida av meg mens me delte matpakka og venta. Etter
tre kvarter får eg endelig meldig frå Kenneth om at no var han på
plass på posten, så eg pakkar sekken og tar Doffen med tilbake til
der me gjekk av sporet. Han tar opp sporet med ein gong men i staden
for å kryssa elva der eg trudde så følger han den nedover fleire
hundre meter før han kryssar. Tar så oppover lia igjen på andre
sida og eg tar meg fleire i ganger i å tenka at ”no tullar du
Doffen, hjorten ville ikkje gått her når han har fin sti å følga
bare nokre meter unna”. Men når eg sjekkar så fins da bukkespor
under lyngen der me går. Og etter ca 1,5km så ser eg bukken står
på ein kolle i skogen framfor oss. Eg melder til Kenneth at no er
bukken på vei og fortsetter etter den. Det lakkar og lir men ingen
skudd kjem, og sporet har no svingt og går rett nedover lia. Så eg
byrjar å bli litt bekymra for at han har lurt oss her, men so smell
da og litt etter kjem da over radioen at bukken er nede. Omtrent
samtidig så svingar Doffen oppover igjen og tar oss dei siste
500metrane fram til der bukken ligger. |
![]() |
|
No
har me fulgt han i omtrent 5 kilometer utan å ha rota på sporet
ein gong, (og det med for meg ukjent hund, og for hunden ukjent førar)
eg er veldig imponert over denne hunden. Han tar sporet veldig lett
og jo eldre det blir dess reinare går han. Da
var ein stor fryd å få prøva Doffen på jakt. Og no gledar eg meg
stort til neste år når Chana er klar til å vera med. Når ho var ni veker gammal tok eg henne med og viste ein bukk me hadde skote og dradd heil heim. Da var ikkje antydning til nøling i den vesle skrotten da var rett fram og lukta litt på hjorten og så var bustinga i gang, heilt til ho fant skuddholet då var da meir interessant å eta kjøtt enn hår. |
|
|
|
|
|
Helsing Hans olav & Chana |